Slaget ved Kalisz | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den store nordiske krigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Sverige | Kurfyrstedømet Sachsen Russland Det polsk-litauiske samveldet | ||||||
Kommandantar | |||||||
Arvid Axel Mardefelt | August II den sterke Aleksandr Danilovitsj Mensjikov | ||||||
Styrkar | |||||||
4300 (av desse berre eit nasjonalt svensk regiment) 10 000 polakkar lojale til svenskane (rømde i starten av slaget) | 35 000 - 40 000 | ||||||
Tap | |||||||
700 drepne og skadde 1800 fanga |
764 drepne og skadde |
Slaget ved Kalisz fann stad den 29. oktober 1706 i Kalisz i Det polsk-litauiske samveldet under den store nordiske krigen. Det var ein tre timar lang kamp som kunne ha vore hindra om August II den sterke av Polen hadde vorte betre informert om visse tilhøve om svenskane og russarane. På denne tida fanst det ein allianse mellom polakkane, saksarane og russarane. Slaget vart utkjempa av russisk kavaleri, leia av kommandanten Aleksandr Mensjikov mot ein mindre svensk styrke leia av oberst Mardefelt. Russarane spelte ei viktig rolle her fordi dei trong å støtte den saksiske allierte under August.